Linda Eide´s Melodi Grand Jazz

Linda Eide´s Melodi Grand Jazz

Linda Eide lærer jazzfolket å elska Melodi Grand Prix. I alle fall å hata det mindre! Kva har Monica Zetterlund og Radka Toneff til felles med Kirsti Sparboe og Kikki Danielsson? Og var det jazzen si skuld at Noreg stod for Grand Prix-historias største juks og bedrag? Og kva gjorde Jan Garbarek inni ei gassmaske i beste sendetid? Linda Eide kastar eit nytt og jazzete lys over dette direktesendte elleville fenomenet, som har fått kjenslene våre til å rista, skaka og krølla seg, i over 60 år. Den utskjelte og elska melodikonkurransen har nemleg tatt jazzen på meir alvor enn mange er klar over. Musikalsk bækking og verbal støtte er i dei beste hender. Sjur Hjeltnes tek seg av den saka, på sin storsinna, improviserande og musikkelskande måte. Og sjå opp for uventa gjester! Oppdag kjensler du ikkje visste at du hadde for Melodi Grand Prix.

NB: Rad 7 på galleri har ekstra forhøyede stoler og egner seg ikke for publium med skrøplige ben da disse stolene er høye!

Billettkontoret/dørene åpner 1 time før forestilling.

RULLESTOL BRUKER:
Ring 51843850

Forestillinger:

November 2020
28Lør Linda Eide´s Melodi Grand Jazz
BilletstatusFå billetter Kjøp Billett