Han er fengande og energisk i framføringa si, kor el-gitaren står i sentrum. I samspel med publikum blir gleda over song og musikk vidareformidla gjennom humor og heftig gitarspel. Ståle si tidsmaskin tek publikum med til nokre av 60- og 70-talets svingande høgdepunkt. Kjem Ståle i godhjørna, skal ein heller ikkje sjå vekk i frå at han vil prøve å elektrifisera nokre klassiske verk. Eit av måla med opptredenane er å presentera publikum for noko nytt og annleis. Men bak dette ligg òg eit ynskje om at publikum skal få med seg noko heim. Showet kan utførast både på norsk og engelsk.
VIDEOKLIPP:
http://www.youtube.com/watch?v=XJZ03F9FnJw